Lørdag 24. mar 2018 kl. 00:00

Rohey

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Bandet ROHEY har djupe soul-røter og eit retrofuturistisk sound. Dei beveger seg innanfor sjangrane neo-soul, jazz og R&B – musikken har ein «old school vibe», men er samstundes godt forankra i det 21. århundre med feite synthesizers, pulsersande rytmar og smakfulle detaljar. Dette er eit gjennomført underhaldande, virtuost, intelligent og på same tid tilgjengeleg band. Om du er glad i Erykah Badu, D’Angelo og Miss Tati kjem du til å elska ROHEY!

Debutalbumet «A Million Things» (2017, Jazzland Recordings) har vorte mottatt med strålande omtalar i mellom anna Dagsavisen, Morgenbladet og Adresseavisen, som utnemnde bandet til Noreg sitt nye neo-soul-håp. Dei har òg vorte løfta fram internasjonalt av engelske Jazzwise, og dei ikoniske BBC-radiovertane Jamie Cullum og Gilles Peterson.

Rohey Taalah – vokal
Ivan Blomqvist – tangentar
Kristian Jacobsen – bass
Henrik Lødøen – trommer

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev