Fredag 12. apr 2019 kl. 23:30

Phronesis

Vossa Jazz / Park
Voss

Det britiske jazzmagasinet Jazzwise har kalla Phronesis «one of the most exciting bands on the planet», og det med god grunn! Gjennom ei lang rekkje utgjevingar sidan oppstarten i 2005 har den dansk-britiske pianotrioen vist ei sjeldan evne til dynamisk samspel med modige, intrikate og organiske komposisjonar som fengslar, fengjer og forfører. Dei energiske, livsbejaande konsertane deira har gjort at dei har ein stor tilhengjarskare som live-band.

Det siste albumet til gruppa, We Are All (2018), viser eit breidt kjensleregister, stor musikalsk rikdom og virtuost samspel av beste merke. I tittel og musikk ligg ein tanke om harmoni, samanheng og balanse, som for gruppa heng saman med politiske verdiar – det handlar om å stå saman for å forsvare den skjøre kloden vår mot urett, øydelegging og splitting.

Jasper Høiby – bass
Ivo Naeme – piano
Anton Eger – trommer

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev