Lørdag 26. jan 2019 kl. 20:00

Per «Bass Viking» Mathisen Super Trio Deluxe, feat. Wakenius & Husband

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Desse glitrande instrumentalistane og deira samspel seg imellom tar garantert pusten frå ein og gir publikum skrekkblanda fryd!
Plateartisten og komponisten, leiaren og grunnleggjaren av denne trioen, Per Mathisen, er ikkje berre det norske svaret på Jaco Pastorius på elbass, men også det norske svaret på Niels Henning Ørsted Pedersen på kontrabass. Per «Bass Viking» Mathisen er den hottaste bassisten her på berget, og han blir ofte tittelert på same vis i verdsmålestokk.
Plateartist, komponist og Grammy-nominerte Ulf Wakenius på gitar er ein av dei mest vidgjetne svenske musikarane nokonsinne. Etter å ha spelt saman, utropte Oscar Peterson han som ein av verdas største gitaristar.
Plateartist, komponist og multiinstrumentalist Gary Husband frå UK er kjend som batterist verda over. Han er og ein anerkjend tangent-artist. Ingen andre jazzmusikarar i verda kan visa til slik ei langvarig dobbelinstrumental karriere som Gary Husband.
Eit utruleg kupp å få denne fantastiske trioen til Stord Jazzklubb. Opplevinga av denne godbiten av ein heavy jazzkonsert vil gje deg hakeslepp!

Per Mathisen – bass
Ulf Wakenius – gitar
Gary Husband – trommer

https://www.youtube.com/results?search_query=Per+Bass+Viking+Mathisen+Super+Trio+Deluxe%2C+Wakenius+%26+Husband
Pris:
250/200/150/100

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev