Lørdag 19. jan 2019 kl. 20:00

Organ Jam

/ Grand Hotell
Stord

Organ Jam har fått strålande mottaking for sin friske stil. Kombinasjonen Hammond B3, trommer og to saksofonar er sjelden. Det karakteristiske Hammond B3-orgelet med fotbass gjer at lydbildet blir rått og kraftfullt. Musikken varierer frå rolege, lange strekk, til rå og svingande bop. Kvar for seg har dei fire musikarane vore toneleiande i ei rekkje samanhengar i mange år. Dei har gitt ut fleire plater i eigne namn, og som side-men delteke på ei lang rekkje innspelingar. Fleire av bandmedlemmene bidrar sterkt til repertoaret, med eigne komposisjonar og arrangement av kjende og ukjende låtar frå det store jazzbiblioteket.
Noko av musikken kan karakteriserast som hardtsvingande blues og standardjazz. Musikken får likevel eit sterkt personleg utrykk fordi den er arrangert med tanke på kvar enkelt musikar sine spesielle kvalitetar. Alle dei dei fire musikarane har nær tilknyting til Stord, – dei to saksofonistane er til og med søskenbarn som har vakse opp i lag her.
Denne kvelden vil Organ Jam garantert gje publikum ei humørfylt og heit konsertoppleving!

Link til video:
https://www.youtube.com/watch?v=wmU-2o44cRA

Tor Yttredal – saksofonar
Ole Jacob Hystad – saksofonar
Svein Olav Herstad – hammondorgel
Stein Inge Brækhus – trommer

Pris:
250/200/150/100
.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev