Lørdag 24. mar 2018 kl. 23:00

Natalie Sandtorv

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Vokalist og låtskrivar Natalie Sandtorv frå Ålesund har for alvor tatt steget inn i jazzmanesjen dei siste åra. I 2016 vart ho kåra til «Årets jazztalent» av Moldejazz, noko som førte til ein fantastisk konsert med nyskriven musikk og nytt band under Moldejazz og København Jazzfestival i 2017. Den nye musikken vart til det hardtslåande debutalbumet «Freedom Nation», som vart sleppt hausten 2017, til strålande omtalar.

I musikken til Sandtorv står tekstar og vokal sterkt over primale grooves og eit fyldig teppe av synth, alternativt saksofonspel og ville gitarlinjer. Det unge, dyktige bandet skapar eit djupt lydbilete som fengjer, skremmer og imponerer på same tid, med røter i jazz og referansar til urban folk, indie og spirituell musikk. «Wondering jazz, meets mind-scorching psych-rock and soaring vocals», skreiv NME om Sandtorv etter konserten hennar på årets Vill Vill Vest i Bergen.

Natalie Sandtorv – vokal
Jonas Hamre – saksofon, elektronikk
Eirik Havnes – gitar, elektronikk
Liz Kosack – synthar
Dan Peter Sundland – bass
Ole Mofjell – trommer

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev