Lørdag 24. mar 2018 kl. 12:00

Nana Rashid

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

«Er det virkeligt muligt, at der findes et så stort uopdaget talent i jazzen?» skreiv Niels Overgård (jazznyt.com) om Nana Rashid då den sterke debut-EP’en «Sorrow in Sunlight» kom ut av det blå hausten 2016. Den unge, danske jazzvokalisten har ei tidlaus, ærleg og fortryllande stemme, som sender tankene i retning Radka Toneff og Nina Simone.

Ho manar fram ei sårbar, melankolsk, vakker og akustisk toneverd, som får alle jazzhjarter til å dunka fortare. Rashid seier sjølv at ho oppfattar musikken som ei form for altomsluttande empati, som rommer alle og gjev oss ei menneskeleg samkjensle. Det er ikkje vanskeleg å forstå kva ho meiner når ein lyttar til musikken hennar.

Nana Rashid – vokal
Petter Rylén – piano

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev