Lørdag 08. apr 2017 kl. 22:00

Møster! Med Storløkken og Norbakken

Vossa Jazz / Park
Voss

I 2009 mottok Kjetil Møster Vossa Jazz-prisen og det er stor stas å presentera denne råe og allsidige musikaren med eit nytt prosjekt til Vossa Jazz 2017!
Møster! er hans hovudprosjekt og draumeband, som dei siste seks åra har hatt ei bratt stigande formkurve. Bandet vart starta som eit bestillingsverk til Kongsberg Jazzfestival 2010, og har sidan den gong turnert over heile Europa og sluppe tre kritikerroste album. Dei har fått ein stor tilhengjarskare, og i 2015 vart Møster! nominert til Spellemannsprisen i jazzkategorien, og spelte for eit par tusen publikummarar på Øyafestivalen.
Til urframføringa på Vossa Jazz kjem Møster med utvida besetning: «Trollmannen frå Dombås», Ståle Storløkken er med på tangentar, og Helge Nordbakken, kjend frå Jon Balke sitt Batagraf og samarbeid med Maria Joao, vert med på perkusjon. Sist, men ikkje minst, sjølve rosina i pylsa: (Super)Duper-produsent Jørgen Træen (Susanne Sundfør, Jaga Jazzist, Kaizers Orchestra, The National bank) vert med på modulærsynthesizer.
Møster!-gjengen lovar ei rytmisk energiutblåsning på Vossa Jazz, med spanande element frå tysk krautrock og Vest-Afrikansk tradisjonsmusikk. Dette må du få med deg!

Kjetil Møster – saksofoner, klarinett, elektronikk
Hans Magnus Ryan – gitar, elektronikk
Nikolai Hængsle Eilertsen – bass, elektronikk
Kenneth Kapstad – trommer
Helge Nordbakken – perkusjon
Ståle Storløkken – tangentar, elektronikk
Jørgen Træen – modulærsynth

www.moester.no

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev