Lørdag 27. mar 2021 kl. 12:00

Morgonrode

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

Morgonrode blandar tradisjonell norsk folkemusikk med jazz og improvisert musikk på ein rå, drivande og utforskande måte. Dei har spelt saman sidan 2015, og har latt høre frå seg på ei rekke folkemusikkscener og -festivalar rundt i landet.

I 2019 kom den etterlengta debutplata, med springarar, salmar, viser og bånsullar på repertoaret. I Morgonrode sitt musikalske uttrykk får desse tradisjonelle sjangrane utfalda seg fritt i nye himmelretningar. Dei tradisjonelt skulerte musikarane tek alle triks i boka i bruk når kammermusikk, strykekvartettar, tradisjonelle slåttespel, vare folketoner og klangbaserte improvisasjonar smeltar saman til ein høgare eining.

«Hypnotiske folketoner!» meinte Audun Vinger i DN, og kalla musikken for «noe av den mest spennende og medrivende norske musikken man kan høre for tiden».

Selma French Bolstad – nøkkelharpe, hardingfele, vokal
Helga Myhr – hardingfele, vokal
Rasmus Kjorstad – oktavfele, vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass
Andreas Winther – trommer, perkusjon

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev