Søndag 30. sep 2018 kl. 14:00

Monsterjazz

NORCD / Sentralen, Forstanderskapsalen
Oslo

Kom kom store og små barn!!!

Konserten har ei veldig open form, der publikum i stor grad er med på å forma det som skjer musikalsk og interaktivt. Improvisasjon i ordet si rette tyding. I botn ligg gjennomarbeida grunn-element kanskje først og fremst klangleg, men også melodisk, rytmisk og harmonisk. Karl Seglem utfordrar seg sjølv, sine medmusikarar og eit lyttande publikum. Ingen veit, når, korleis og kva konserten blir – før vi er i den!
I hovudsak er konserten instrumental (ikkje song-tekst basert), men med ord og tekst-innslag i ei eller annan form – som også blir improvisert fram der og då. Tegnaren Gunvor Rasmussen medvirkar med si «stemme» i heilskapen ved at ho tegnar undervegs – med blekk og akvarell! Tegningane blir vist på skjerm, projisert. Ho let seg inspirere av det som blir skapt der og då – som ei forlenging av lyden, klangen og interaksjonen mellom scene og sal. Monster? Ganske sikkert –

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev