Søndag 09.apr 2017 kl. 12:00

Matthew Shipp

Vossa Jazz / Osasalen
Voss

Sidan seint 80-tal har amerikanske Matthew Shipp vore ein av dei leiande og mest respekterte pianistane innanfor den internasjonale avantgardejazzen. Han har vore med på eit utruleg tal plater og prosjekt, anten det er som bandleiar, sidemann eller komponist. Grunnen til at denne mannen har vore festa til platerillane så ofte er ganske enkel: Han er ein heilt fantastisk pianist, med ei eineståande evne til fri improvisasjon og samspel.

I ein omtale av «Live at Okuden» frå 2015 skreiv Arild Andersen eit godt, oppsummerande avsnitt i Aftenposten: «I skyggen av Cecil Taylor og Keith Jarrett har han spilt frem sin egenart gjennom tre tiår. Han kan beskrives som en krysning mellom de to gigantene, men han overskrider begge, med sitt eierskap i bluesen og de frie ytringenes iboende muligheter.»

I januar 2017 kjem han med ei ny plate kalla «Piano Song» og i april kan du høyre han solo på Vossa Jazz!

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev