Lørdag 08. apr 2017 kl. 23:59

Mambo Compañeros

Vossa Jazz / Park
Voss

Mambo Compañeros har spreidd glede og salsarytmar i 20 år, og med tre plateinnspelingar og over 500 konsertar har dei vore blant favorittane til festivalar og konsertscener i inn- og utland. I høve jubileet var dei i studio og spelte inn ei ny plate med tolkingar av latin-amerikanske jazzklassikarar, saman med ingen ringare enn kammerensemblet Trondheimsolistene.
Mambo Compañeros er eit drivande dyktig åtte-manns band som er fantastisk både å danse og lytta til. Musikken deira er basert på musikktradisjonar frå Cuba og Latin-Amerika, med danserytmar som mambo, cha-cha, timba, rumba, merengue og bolero. Her er det berre til å knyta dobbelknute på danseskoa – Mambo Compañeros er eit band med eit uimotståeleg driv og henrivande nærvære på scena. Vil jazzpublikummet entra dansegolvet?

Alexander Fernandez – vokal
Luison Medina – congas, vokal
Bjørnar Søreng – timbales
Magnus Forsberg – trommer
Kjetil Sandnes – bass
Morten Huuse – piano
Kåre Kolve – saksofon, fløyte
Morten Schrøder – trompet

www.mambocompaneros.com

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev