Fredag 26. mar 2021 kl. 13:00

Magellan – In search of

Vossa Jazz / Park
Voss

Menneska lever liva sine i fåkunne. Me har alltid hatt ein sterk trong til å
avdekkje det skjulte, begripe det ubegripelege – utforske ukjent farvatn. I 1521 segla Ferdinand Magellan jorda rundt på leit etter nye sjøvegar. I 2021 reiser Magellan igjen, men denne gongen i form av andreklassen på NTNU Jazzlinja!

Eit massivt, banebrytande og vakkert ensemble, med eit mannskap beståande av 14 fremadstormande musikarar som seglar i ope landskap. Eit skip lasta med fengslande melodiar, varme harmoniar og brusande rytmar – eit uføreseieleg og originalt musikalsk univers.

Miriam Namtero Kibakaya – vokal
Sara Brasøy Fjeldvær – vokal
Audun Rørmark – feler
Ellie Mäkelä – bratsj
Helge Snorri Seljeseth – fiolin
Tuva Halse – fiolin
Peter Robertstad – trombone
Zakarias Meyer Øverli – saksofon
Benjamín Gísli Einarsson – piano
Anders Waltersdorph Hjemmen – bass
Gard Kronborg – bass
Oda Kristine Steinkopf – bass
Odin Leithe Haukø – bass
Øyvind Solhaug Leite – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev