Søndag 09. apr 2017 kl. 18:30

Kristin Asbjørnsen med Ablaye Cissoko og Olav Torget

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

Kristin Asbjørnsen er ei av dei mest originale, kritikarroste og kraftfulle stemmene i norsk jazz og verdsmusikk. Om ein skulle lage ei liste over dei vakraste konsertopplevingane ein har hatt dei siste åra, ville nok ho ha kome høgt opp hjå mange, anten det er som soloartist eller i eitt av mange samarbeidsprosjekt.

Våren 2016 innleidde ho eit samarbeid med koraspelar Ablaye Cissoko og gitarist Olav Torget som opna nye dører i hennar mangefasetterte musikkunivers. Kristin har skrive heilt nye songar. Samarbeidsprosjektet «Traces of You» var hennar bestillingsverk til Global Oslo Music og det ber preg av vestafrikansk tradisjonsmusikk, visesong og kontemplativ, nordisk jazz. I eit vakkert og originalt kammermusikalsk lydlandskap vert sildrande kora, gitarar og song til eit organisk, fullendt uttrykk. I «Traces of You» har Asbjørnsen funne eit uttrykk som er like enkelt og heilstøypt som det er vakkert, og som verkeleg visar breidda i hennar musikalske personlegdom.

Kristin Asbjørnsen – vokal
Ablaye Cissoko – kora, vokal
Olav Torget – gitar, vokal

Asle Karstad – lyddesign
Ola Bråten – lysdesign

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev