Fredag 05. nov 2021 kl. 20:00

Knut Kristiansen Kvartett

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. No drar han på tur med ungdommen i ei blanding av eigen originalmusikk og komposisjonar av mellom anna Dollar Brand, Ornette Coleman og Thelonious Monk.
Bassist Magne Thormodsæter underviser på Griegakademiet, har vore dagleg leiar for Bergen Big Band, og deltatt i rekkje innspelingar – frå Lene Marlin til Terje Rypdal. Slagverkar Sigurd Steinkopf har ikkje rukke å bli 25 år enno, men har allereie rukke å opptre med Joshua Redman. Aksel Røed blei uteksaminert fra Griegakademiet i år, men er allereie blant dei navna som står øverst på lista om du bur i Bergen og treng saksofonist.
KNUT KRISTIANSEN piano
MAGNE THORMODSÆTER bass
SIGURD STEINKOPF trommer
Gjest: AKSEL RØED tenorsaksofon

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev