Torsdag 08. nov 2018 kl. 22:00

Karl Seglem, Nunatak Tour

Folkelarm / Riksscenen
Oslo

Musikken til Karl Seglem vert ofte omtala som rotnorsk folk-world-jazz. Ein finn ikkje andre ensemble med den instrumentsamansetninga Seglems band har. Det å kobla hardingfele med elektriske instrument, trommer, bukkehorn, tenorsax – i eit band med mykje improvisasjon, er eineståande. Musikken ligg i grenselandet mellom det tradisjonelle og det moderne. Samklangen mellom Seglem sin tenorsax og hardingfela til Håkon Høgemo er tett og unikt. Unik og universell. Seglem har jobba lenge med å utvikle sitt eige univers, og har langt på veg lykkast i å forma eit særpreg han er åleine om. Stuart Nicholson i Jazzwise og Terje Mosnes i Dagbladet har begge poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem. Han er tildelt norsk jazz høgste utmerking, Buddyprisen.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev