Lørdag 10. nov 2018 kl. 21:00

Karl Seglem, Nunatak Tour

Hadeland Jazzforum / Folkets Hus
Krokstadelva

Karl Seglem sin musikk er unik. Han har kobla hardingfela med sin tenorsax og sine bukkehorn, sidan starten av karrieren med band som Utla og Sogn-A-Song. Han har dei siste 10 år levert fleire eineståande tingingsverk som komponist og lyd-produksjonar som har motteke overstrøymande kritikkar for nyskaping og innovativ samklang.Karl Seglem har langt på veg lykkast i å forma eit særpreg han er heilt åleine om. Musikken ligg i mange grenseland. «Sjanger er eigentleg ikkje så interessant lenger, seier Seglem.»Eg likar meir og meir å tenkja på det som moderne musikk på min måte». Men Stuart Nicholson i Jazzwise og Terje Mosnes i Dagbladet har tidlegare poengtert at ingen tek arven etter Jan Garbarek vidare på ein så personleg, kraftfull og eigenarta måte som Karl Seglem. Seglem er også tildelt norsk jazz høgste utmerking Buddyprisen, og er nominert til Spellemannprisen i åpen klasse heile 5 gonger. Eit nytt album er ute – cd og vinyl: Nunatak.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev