Fredag 12. apr 2019 kl. 22:45

Kaada/ Storløkken

Vossa Jazz / Gamlekinoen
Voss

ossa Jazz har bede to av landets aller mest særeigne, spanande og bejubla komponistar om å skriva ny musikk til Vossa Jazz 2019: John Erik Kaada og Ståle Storløkken!

Pianist, multiinstrumentalist og komponist John Erik Kaada er ein særs mangslungen musikar. Det seiest at han eig rundt 500 instrument, og dette skin gjennom i musikken hans! Han har fronta den eksperimentelle Stavanger-gruppa Cloroform sidan seint 90-tal, samarbeidd med Mike Patton (Faith No More) og har laga fleire spanande soloalbum under artistnavnet Kaada. Han er òg ein svært etterspurd filmmusikkkomponist, og har tonesett filmar som Hawaii, Oslo, Mongoland, Alt om min far og Mannen som elsket Yngve.

Den siste soloplata hans, Closing Statements frå 2018, er ein atmosfærisk, mangefasettert og filosofisk breidt anlagt plate, der kvart spor tek utgangspunkt i kjente menneske sine siste ord på dødsleiet. Det noko morbide utgangspunktet har likevel resultert i ei plate som handlar meir om liv enn om død: «Vi må ikke vente til de siste minuttene av livet før vi hører etter på hva folk sier», har Kaada sjølv sagt om plata.

Tangentmeister Ståle Storløkken har dei røynde fingrane sine med i spelet i mykje av det beste som skjedd på den norske jazzscena dei siste åra: Supersilent, Elephant9, Rypdal sitt Skywards-band, Møster! og svært mykje anna. Han er ikkje framand for bestillingsverk og Vossa Jazz, verken som musikar eller komponist. Han var medkomponist til Berit Opheim sitt Tingingsverk Ein engel går stilt frå 2007, og utøvar på Terje Rypdal sitt Vossabrygg. I 2010 laga han ein bestilling til Moldejazz saman med Motorpsycho, Trondheim Jazzorkester og Trondheimssolistane, som vart til plata The Death Defying Unicorn (2012). Ikkje verst!

Når to «gale professorar» som Kaada og Storløkken møtest, vert resultatet mangefasettert og sjangeroverskridande. Med ymse elektronikk, ulike instrument og fantastiske musikarar kan me lova ei musikalsk oppleving av dei heilt sjeldne.

Ståle Storløkken – tangentar
John Erik Kaada – tangentar
Tor Haugerud – trommer
Stein André Hovden – teknikk

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev