Fredag 12. apr 2019 kl. 22:00

Jørgen Sandviks Permanent Vacation

Vossa Jazz / Park
Voss

Real Ones-gitarist Jørgen Sandvik viser vegen framover for bluesen! Solodebuten Permanent Vacation (som òg er namnet på bandet) kom i 2018, og fekk strålande tilbakemeldingar over heile linja – ein platepratar i England meinte at Sandvik «moves the blues forward». Albumet, som består av ei blanding av coverlåtar og sjølvskrive materiale, er banebrytande og tradisjonelt på same tid, med eit rått, nedstrippa uttrykk, sterke melodiar og pulserande, levande «feeling».

I tillegg til den viktige rolla i Real Ones har Sandvik sitt strengespel prega musikken til Sigrid Moldestad, Jan Eggum, delillos, Kaizers Orchestra, The Last Hurrah(!!), Stein Urheim og Gabriel Fliflet.

Jørgen Sandvik – gitar, vokal
Anders Bitustøyl – bass
Jan Petter Myklestad – perkusjon, munnspel
Nils Are Drønen – trommer

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev