Lørdag 24. mar 2018 kl. 21:00

Jazzintro: Kjemilie

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

I samarbeid med Nattjazz, Maijazz, Kongsberg Jazzfestival, Moldejazz og Norsk jazzforum skipar Vossa Jazz til Jazzintro for 11. gong.

Jazzintro er eit lanseringsprogram for unge norske jazzmusikarar og bandet som går av med sigeren vil dei to påfølgande åra få ei lanseringspakke som inneheld konsertar på klubbar og festivalar i samarbeid med dei regionale jazzsentra. I tillegg får bandet eit arbeidsstipend frå Gramo.

Kjemilie er eitt av dei to banda som skal spela på Vossa Jazz.

Kjemilie har utvikla eit trygt og varmt uttrykk, som dei stadig snur og vender i nye retningar. Kjemilie gjev liv til det enkle og kvardagslege, og skapar eit musikalsk og tekstleg rom der både det sarte og sterke får plass. «Hverdagene», den første plata deira, vart av Jazznytt omtala som «en av årets sterkeste utgivelser» i 2016.

Kjetil Mulelid – piano
Emilie Storaas – vokal

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev