Lørdag 16. feb 2019 kl. 20:00

Inger Marie Gundersen sekstett

Stord Jazzklubb / Grand Hotell
Stord

Balladekunst i særklasse

Jazz-publikummet på Stord bør kryssa av datoen 16. februar, for då står Inger Marie Gundersen med sin sekstett på scenen på Grand. Ho er kjend som ein balladeformidlar av dei sjeldne, og tolkar andre sine songar på sin heilt spesielle måte.

Inger Marie Gundersen kjem frå Arendal, men er kanskje betre kjent i jazzmiljøet i Asia og Japan enn i Noreg. Sitt første album, Make This Moment, kom ut i 2004, og vart etter kvart gitt ut i 25 land, med påfølgjande turnear i Europa, Sør-Korea og Japan.

Gundersen har til saman gjeve ut fem album, og det siste, Feels like home, kom ut i fjor sommar. Her tolkar ho ti kjende og melodiøse songar laga av artistar som t.d. Randy Newman (tittellåta Første stund) og Steve Cropper/Otis Reddings The Dock of the Bay.
Dagbladet sin kjende kulturjournalist, Terje Mosnes, skreiv m.a. følgjande om plata: «… en av de aller fineste balladesamlingene utgitt på plate av en norsk artist. Og da handler det ikke bare om plater utgitt i 2018, men i alle år etter “Fairytales”-året 1982.»
I august/september i fjor blei albumet også kåra til det bestseljande hos «Bare Jazz» i Oslo.

Inger Marie har beina godt planta i melodiøs jazz, med eit lydbilete som blandar seg med pop. Ho er ein kresen låtplukkar som tolkar og vidareformidlar repertoaret med orginalitet og særpreg. Og vokalisten får god hjelp til formidlinga frå sine dyktige musikarar: Rasmus Solem (piano, orgel, vokal), Per Willy Aaserud (trompet), Jarle Vespestad (trommer), Audun Ramo (bass) og Kristian Frostad (gitar).

Pris:
250/200/150/100

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev