Lørdag 27. mar 2021 kl. 18:00

Ingebrigt Håker Flaten – Tingingsverket EXIT KNARR

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Ingebrigt Håker Flaten har sidan midten av 90-talet vore ein av dei mest sentrale musikarane på den norske jazzscena. Han har samarbeida med ei lang rekkje norske og utanlandske musikarar, og har gjennom si opne tilnærming til musikken vist stor kunstnarisk breidde i ei rekkje ulike band. Ingebrigt Håker Flaten har vore særdeles delaktig i å definera den «nye» norske jazzen, og han er ei naturleg musikalsk drivkraft i kvar ein konstellasjon. I 2019 fekk han Buddy-prisen, norsk jazz si høgste utmerking.  

Til Vossa Jazz kjem han med verket KNARR, og han har for høvet sett saman eit nytt, spanande ensemble. 

Musikarane vil jobba med ny musikk skriven av Ingebrigt, og han ynskjer med dette nye bandet å vidare få utvikla si eklektiske musikalske verd, ei verd der grensa mellom sjangrer, mellom tradisjonelt og eksperimentelt, mellom undergrunn og tilgjengeligheit lett kan få lov tIl å flyta over i kvarandre.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev