Lørdag 24. mar 2018 kl. 20:00

Hildo

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

«Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang. Kven passar vel betre til å lage eit nytt verk til ære for den sagnomsuste klokka enn to av våre aller mest klangfulle og sagnomsuste vossingar: Tore Brunborg og Berit Opheim!

HILDO er eit nytt samarbeid med Riksscenen med première på Vossa Jazz 2018. Den fantastiske gjengen kjente og kjære musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke.

Tore Brunborg – saksofon
Berit Opheim – vokal
Kåre Opheim – trommer og perkusjon
Steinar Raknes – kontrabass
Stein Urheim – ulike strengeinstrument

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev