Lørdag 02. mar 2019 kl. 15:00

HILDO på Stord Jazzklubb

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Konsertproduksjonen HILDO er eit samarbeid mellom Riksscenen og Vossa Jazz og hadde première på Vossa Jazz 2018. «Hildo» heitte den gamle kyrkjeklokka som ljoma over Vossevangen frå tårnet på Vangskyrkja i gamle dagar. Det finst fleire segn og folketonar til ære for klokka, som var kjend for sin uvanlege fine og sterke klang.
Fem fantastiske musikarar, med Brunborg og Opheim i spissen, har teke utgangspunkt i ulike folketonar og slåttar frå mellom anna Voss, Sogn og Hardanger, og serverer desse i nye arrangement og med nykomponerte tema. Det vert både balladar, bånsullar, stev, barnesongar, salmar og slåttar, i hendene på musikantar som går «Hildo» sjølv ein høg gong når det kjem til klang og styrke. ” Urframføringa av prosjektet Hildo i Gamlekinoen laurdag vart ei ut av kroppen-konsertoppleving. Så sanseleg vakkert, så gjennomarbeidd på alle plan, og så utruleg dyktig gjennomført av fem av våre største musikarar.”
Nils Kvamsdal i Avisa Hordaland, 27/3/18

Hildo:
Berit Opheim (vokal) / Tore Brunborg (saksofon) / Stein Urheim (strenger) /
Steinar Raknes (bass) / Kåre Opheim (trommer) / David Solheim (lydteknikar)

Pris:
250/200/150/100

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev