Søndag 28. mar 2021 kl. 20:30

Hekla Stålstrenga

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Gjennom 15 år har Hekla Stålstrenga opparbeidd seg eit solid namn her til lands med si særeigne blanding av folkemusikk, viser og pop. Med alt frå varm visesong, røffe riff og triste balladar har dei ei sjeldan evne til å treffe rett heim hjå dei fleste. Låtar som «Har du Fyr», «Folketonen», «Vise ved Vintersolkverv» og «Siste Sang» har for lengst gått inn i den norske visekanonen. Dei har vore nominert til Spellemann-pris fem gongar, og er ein favoritt på spelelistene til NRK Radio.

Energi og leiken musikalitet blanda med humor, nærvær, speleglede og svært kompetente musikantar – dette er suksessoppskrifta til Hekla Stålstrenga!

Anne Nymo Trulsen – trøorgel, vokal
Ole-Jakob Larsen – trommer
Ragnhild Furebotten – fele, vokal
Tore Bruvoll – gitar
Trond-Viggo Solås – bass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev