Lørdag 13. okt 2018 kl. 12:00

Hei Kalas!

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

Dei syng og spelar musikk med ein underfundig undertone. Songane er morosame på ein trist måte, eller triste på en morosam måte. Kvifor er verdsrommet uendeleg, kva skjer når nokon døyr, og kvifor står alt det gode på øvste hylle, slik at vi ikkje rekk opp? Det handlar om kva ein tenkjer på og opplever i kvardagen. Store ting og små ting….
Hei Kalas! undrar seg over verda og livet og dyra og menneska saman med publikum. Med fokus på gode tekstar klarer Hei Kalas! å formidle heilt daglegdagse ting på ein måte som både born og vaksne kjenner seg igjen i. Songane er mynta på born, men Hei Kalas! meiner born og vaksne er opptekne av dei same tinga, berre i litt forskjellig skala. Det er ikkje problemfritt å vera barn eller vaksen.
Gjennom fine og rare små historier vil Hei Kalas! formidle det som engasjerer dei mest – undringa over at alt er som det er.

Heidi Marie Vestrheim – vokal, gitar
Anniken Teodorsen – vokal, keyboard
Roy Ole Førland – trommer, vokal, bass, keyboard

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev