Fredag 12. okt 2018 kl. 19:30

DENADA med Torun Eriksen

Jølster Jazzklubb / Thon Jølster Hotel, Skei
Jølster

Ensemble Denada er eit profesjonelt jazzorkester med for tida tretten faste medlemmer. Bandet blir drive av Østnorsk jazzsenter med støtte frå Norsk kulturråd og Oslo kommune. Samarbeidet med Torun Eriksen starta i fjor med premierekonsert på Kongsberg jazzfestival, og dei fekk strålande ovasjonar frå kritikarar og publikum. «Ein vilje, ei inderl…egheit og energi som var gripande», skreiv Dagsavisens Roald Helgheim i sin omtale etter premieren på Kongsberg i fjor. Arrangør og musikalsk leiar Erlend Skomsvoll sender Torun Eriksen sine grasiøse popkomposisjonar på ein «roadtrip frå Berlin til New Orleans» med reisefølgje frå Ensemble Denada, eit band som er blitt godt samspelt etter ein bråte med mil på kryss og tvers i verda dei siste ti åra. Ensemble Denada, Torun Eriksen og Erlend Skomsvoll har funne både tonen, teksten og stilen. Det kunstnarlege utgangspunktet er Torun Eriksen sitt album «Grand White Silk» med sine sofistikerte låtar og poetiske forteljingar. Arrangør Skomsvoll har sett av godt med plass i partitura til Ensemble Denadas formidable instrumentalsolistar.

Torunn Eriksen – vokal, komponist og tekstforfattar
Erlend Skomsvoll – musikalsk leiar og arrangør
Ensemble Denada: Frank Brodahl – trompet, piccolotrompet
Marius Haltli – trompet, kornett
Anders Eriksson – trompet, flygelhorn, althorn
Even Kruse Skatrud – trombone, basstrompet, sousafon
Nils Andreas Granseth – trombone
Martin Myhre Olsen – altsaks
Børge-Are Halvorsen – altsaks, fløyter
Atle Nymo – tenorsaks, bassklarinett
Shannon Mowday – barytonsaks
Olga Konkova – piano
Jens Thoresen – gitar
Per Mathisen – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev