Lørdag 24. mar 2018 kl. 22:30

Come Shine med Jan Erik Vold og Knut Reiersrud

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Eitt av dei beste jazzbanda i landet, saman med ein av våre mest folkekjære poetar og ein vaskeekte trollmann på gitar? – Ja takk!

Fantastiske Come Shine er kjend for fantasifulle og nyskapande tolkningar av musikk frå jazzstandardrepertoaret. Bandet gjesta Vossa Jazz sist i 2014, og frontfigur Live Maria Roggen stod for det vakre Tingingsverket «Apokaluptein» i 2015.

Stjernegitarist Knut Reiersrud byggjer opp under den mørkare, bluesy slagsida bandet har utvikla sidan comeback’et nokre år tilbake. At Jan Erik Vold har eit spesielt øyre for jazzen vart klårt alt på slutten av 60-talet, då han gav ut «Briskeby blues» saman med Jan Garbarek. Han bringer fram i ljoset den jazzpoetiske arven som ligg i Come Shine sitt fokus på tekstar og formidling.

Erlend Skomsvoll – piano
Live Maria Roggen – vokal
Sondre Meisfjord – bass
Håkon Mjåset Johansen – trommer
Jan Erik Vold – dikt, stemme
Knut Reiersrud – gitar

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev