Fredag 07.apr 2017 kl. 19:00

Busi Ncube

Vossa Jazz / Park, Vossasalen
Voss

Me har gleda av å presentera Usiko av Busi Ncube – eit nytt verk bestilt av Global Oslo Music som vert urframført som opningskonsert på den 44. festivalen! Vossa Jazz er svært stolt av dette samarbeidet.

Busi Ncube frå Zimbabwe er busett i Oslo og har gjennom tretti år styrkja sitt ry internasjonalt som ein av Zimbabwes fremste artistar og ambassadør for landets musikktradisjonar. Den inngåande kjennskapen ho har til den spanande musikken frå heimlandet sitt skal ho no dela med Vossa Jazz-publikummet!

Zimbabwe har ein særs rik musikktradisjon, som femner om fleire språk, rytmemønster, vokaltradisjonar og eit utal ulike instrument. Ncube beherskar både språka, rytmane og instrumenta, og er ein særs god formidlar. I heimlandet har det gode språkøyret gjort ho særs viktig, fordi ho har kunna spreia musikktradisjonar vidare som tidlegare har vore øyremerkt ei folkegruppe og eit språkområde. I verket Usiko har Ncube utforska nye tolkingar av urtradisjonar frå Zimbabwe med særleg vekt på det rike omfanget av rytmar som eksisterer og ved å blanda elektriske element med dei akustiske tradisjonsinstrumenta. Verket vil òg trekka vekslar på sørafrikansk jazz og polyfonisk song frå regionen. Med seg på scena har ho det norske bandet sitt og gjestevokalistar frå Zimbabwe.

Busi Ncube – mbira, vokal, hosho
Antonio Torner – trommer
Dag Pierre – gitar
Olav Torget – gitar
Petter Barg – bassgitar
Raymond Sereba – perkusjon
Siphathisiwe Ncube – vokal
Sibusiso Mhlanga – vokal
Carmen Hwarara – vokal

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev