Lørdag 08. apr 2017 kl. 23:00

Bubliczki og Molland trio

Vossa Jazz / Park
Voss

Solfrid Molland er ein songar, pianist og komponist med ein heilt spesiell musikalsk nerve. Ho vaks opp med russisk folkemusikk, sigøynarmusikk og vestleg kunstmusikk, og denne sjangerblandinga vart utløysande for hennar musikalske virke. Molland har gjort fleire reiser som gatemusikant i Europa, der ho har møtt spanande musikarar og fått inngåande kjennskap til fleire ulike sjangarar innanfor den europeiske tradisjonsmusikken.
Eitt av dei banda ho har samarbeidd med er det polske bandet Bubliczki, eit av dei mest spanande og kraftfulle banda innan moderne klesmer- og rommusikk. Dei skildrar sjølv musikken sin som ei blanding av punk og sigøynarmusikk! Dei fant fort «tonen» med Solfrid, og samarbeidet dei imellom vart utviklande for begge partar – musikken som oppstod er eit møte mellom det energiske og det kjenslevare, og mellom ulike europeiske musikkartar og tradisjonar.

Bubliczki:
Arthur Pacak – gitar, kontrabass
Fabian Kubiszyn – trombone
Krzyztof Kowalczyk – saksofon, bassklarinett, klarinett
Marek Kuniszyn – trompet
Mateusz Czarnowski – vokal, trekkspel
Michal Czarnowski – fiolin, vokal
Piotr Bruski – perkusjon

Molland Trio:
Solfrid Molland – vokal, piano, trekkspel
Gunnar Halle – trompet
Lars Tormod Jenset – kontrabass

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev