Tirsdag 10. mai 2022 kl. 00:00

Bonati -Yttredal Duo feat.J.D. Bishop

Stord Jazzklubb / Stord Kyrkje
Stord

Stord Jazzklubb ynskjer Tor Yttredal, Roberto Bonati og lyddesignar John Derek Bishop velkomne til Stord kyrkje 10. mai. Stordingen Yttredal og italienske Bonati har samarbeidd i fleire år. I 2019 kom deira første utgjeving «Some Red Some Yellow». Innspelinga fekk strålande kritikkar i norsk og internasjonal presse.

Intensjonen med samarbeidet er å skapa eit akustisk og estetisk lydbilde med element frå ulike musikkformer musikarane har jobba med opp gjennom åra.

På denne konserten bidreg den anerkjente lyddesignaren John Derek Bishop med ein elektronisk klangleg dimensjon i interaksjon med duoen sitt akustiske uttrykk.

Tor Yttredal – saksofon
Roberto Bonati – basss
John Derek Bishop – lyddesign

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev