Lørdag 11. mai 2019 kl. 20:00

Bergen Blues Band er igjen samla

Stord Jazzklubb / Grand Hotell
Stord

Bandet blei starta i 1974 og vart svært populært på 1970 og -80 talet med hitlåtar som «Jump´n Shout Dance», «Another Blues» og «Meanest Blues». Dei turnerte heile Skandinavia, både på festivalar og klubbar. Låtane deira blei spelte på radioen verda rundt og var på hitlistene i fleire land.

Etter stor etterspurnad blei Bergen Blues Band igjen samla i 2018 for å gjera konsertar. Dei vil framføra bandet sine største hits saman med nye låtar.

Bandet består av:John Magnar Bernes (Hungry John), vokal/munnspel, Ole Thomsen, gitar, Aril Seim, gitar, Atle Mjørlaug, bass og Willy Korneliussen, trommer.

Desse allsidige legendene har vore aktive musikarar i inn- og utland sidan 1970-talet. Dei er framleis i støtet og ser fram til å møta Stord Jazzklubb sitt publikum.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev