Lørdag 14. sep 2019 kl. 15:00

Benedicte Sjøvold Kvintett

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Laurdag 14. september inviterer Stord Jazzklubb gamle og nye jazzklubbvener velkomne til ettermiddagskonsert på Grand Hotell med Benedicte Sjøvold Kvintett. Repertoaret for denne konserten er først og fremst henta frå jazzens standardrepertoar. Benedicte vil syngja fleire gjenkjennelege godlåtar i tillegg til låtar som vil vera ukjende for dei fleste.

Benedicte Sjøvold er utdanna musikklærar frå Høgskolen i Bergen og klassisk songar frå konservatoria i Bergen og Tromsø. Ho har heile tida sunge jazz i tillegg til det klassiske. Benedicte er også ein høgt skatta kordirigent. Ho er mellom anna initiativtakar, leiar og dirigent for Bergens-koret Benedictinerne, starta i 2012.

Med seg har Benedicte Sjøvold det faste bandet sitt: Ole Jakob Hystad (sax), Stein Bakke (piano), Sigurd Ulveseth (bass) og Frank Jakobsen (trommer).

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev