Lørdag 26. okt 2013 kl. 14:00

BAKER HANSEN @ Lillestrøm Jazzklubb

Lillestrøm Jazzklubb / Fagerborg Hotel
Lillestrøm

Jazzkafé på Best Western Fagerborg Hotel kl 14:00, lørdag 26. oktober 2013.

 

BAKER HANSEN

 

Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal og gjendikting

Thomas Husmo Litleskare – trompet

Kjetil Jerve – piano

Stian Andreas Andersen – kontrabass

Tore Flatjord – trommer

 

Link til lydklipp: www.soundcloud.com/baker-hansen

 

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet «Blåmann! Blåmann!» med Jan Erik Vold – ein ruvande skikkelse i norsk diktarkunst, som óg har bidrege med gode innspel til gjendiktingsarbeidet.

 

Når så kvintetten «BAKER HANSEN» tek opp denne arven, er det låter frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gir publikum anleiing til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med «nye øyre» på klassikarar frå standardrepertoaret. 

 

Konsertopplevinga vil pregast av at publikum gjenoppdager kjente melodiar som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med Baker Hansen sine ord, «Aldri finn eg ei nett slik som deg» og «Min fine hjarteven». Og kva for klassisk jazzlåt skjuler seg bak tittelen «Eg vert så lett forelska»?

 

Besetninga på 5 er eit knippe musikarar frå det yrande jazzmiljøet i Oslo, og representantar for ein ung og spennande generasjon utøvarar på den norske jazzscena, med ei rekkje betydelege samarbeid i bagasjen.

Bandmedlemmene har hatt gleden av å spille med artister som Tomasz Stanko, Dave Friedman, Ralph Alessi, Jon Christensen m.fl.

 

 

Haustturné 2013:

 

19/10: Draaben Bar, Sandefjord 

www.goo.gl/QrFk9B

25/10: Palace Grill, Oslo 

www.goo.gl/h5t0Cg

26/10: Lillestrøm Jazzklubb 

www.goo.gl/c4l5RF

27/10: Fryd Scene, Ål 

www.goo.gl/Qda50H

28/10: Union Scene, Drammen 

www.goo.gl/m5oUZr

29/10: Elverum Folkehøgskole 

www.goo.gl/GjjJMW

30/10: Antikvariatet, Trondheim 

www.goo.gl/tvgB3s

31/10: Bakeriet i Lom 

www.goo.gl/7CxdU5

01/11 + 02/11: First Hotel Atlantica, Ålesund 

www.goo.gl/zoq1wg

03/11: Rokken, Volda 

www.goo.gl/nvEW8j

04/11: Førdehuset 

www.goo.gl/RR4mAS

05/11: Logen Bar, Bergen 

www.goo.gl/ybWHlP

06/11: Stuelands Apothek, Haugesund 

www.goo.gl/XDZyUr

07/11: Paulsens Hotell, Lyngdal 

www.goo.gl/KmdAen

08/11: BUNKER på Tilstede Mat&Mer, Kristiansand 

www.goo.gl/L1w4Rb

09/11: Lørdagsjazz, Sandnes 

www.goo.gl/AcnWhT

10/11: Lindvedske Hus, Arendal 

www.goo.gl/856evT

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev