Mandag 28. okt 2013 kl. 20:00

Baker Hansen – Chet på norsk

/ Union Scene
Drammen

 

BAKER HANSEN – Chet på norsk 

LYD: www.soundcloud.com/baker-hansen
LIK: www.facebook.com/bakerhansen

BAKER HANSEN er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise. Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandardar og vårt eige morsmål. 

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeidde med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet Blåmann! Blåmann! med Jan Erik Vold – ein ruvande skikkelse i norsk diktarkunst, som òg har bidrege med gode innspel til gjendiktingsarbeidet. 

Når så kvintetten BAKER HANSEN tek opp denne arven, er det låtar frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekstar, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk, gir publikum høve til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med nye øyre på klassikarar frå standardrepertoaret. Konsertopplevinga vil pregast av at publikum gjenoppdagar kjende melodiar som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med Baker Hansen sine ord, «Aldri finn eg ei nett slik som deg» og «Min fine hjarteven». Og kva for klassisk jazzlåt skjuler seg bak tittelen «Eg vert så lett forelska»?

Besetninga på 5 er eit knippe musikarar frå det yrande jazzmiljøet i Oslo. Dei representerer ein ung og spennande generasjon utøvarar på den norske jazzscena, med ei rekkje betydelege samarbeid i bagasjen. Tidlegare har bandet spela for eit begeistra publikum på festivalar, kulturhus, jazzklubber og andre scener i m.a. Bergen, Trondheim, Stavanger og Oslo.

Sigurd Rotvik Tunestveit, Ål (vokal)
Thomas Husmo Litleskare, Trondheim (trompet)
Kjetil Jerve, Ålesund (piano)
Stian Andreas Andersen, Stavanger (kontrabass)
Tore Flatjord, Nannestad (trommer)

CC: 150,-

(foto: Silje Måseide)

Haustturné 2013:

25/10: Palace Grill, Oslo 
www.goo.gl/h5t0Cg
26/10: Lillestrøm Jazzklubb 
www.goo.gl/c4l5RF
27/10: Fryd Scene, Ål 
www.goo.gl/Qda50H
28/10: Union Scene, Drammen 
www.goo.gl/m5oUZr
29/10: Elverum Folkehøgskole 
www.goo.gl/GjjJMW
30/10: Antikvariatet, Trondheim 
www.goo.gl/tvgB3s
31/10: Bakeriet i Lom 
www.goo.gl/7CxdU5
01/11 + 02/11: First Hotel Atlantica, Ålesund 
www.goo.gl/zoq1wg
03/11: Rokken, Volda 
www.goo.gl/nvEW8j
04/11: Førdehuset 
www.goo.gl/RR4mAS
05/11: Logen Bar, Bergen 
www.goo.gl/ybWHlP
06/11: Stuelands Apothek, Haugesund 
www.goo.gl/XDZyUr
07/11: Paulsens Hotell, Lyngdal 
www.goo.gl/KmdAen
08/11: BUNKER på Tilstede Mat&Mer, Kristiansand 
www.goo.gl/L1w4Rb
09/11: Lørdagsjazz, Sandnes 
www.goo.gl/AcnWhT
10/11: Lindvedske Hus, Arendal 
www.goo.gl/856evT

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev