Lørdag 04. mar 2017 kl. 20:30

Årets unge jazzmusikere 2016: MEGALODON COLLECTIVE

Nasjonal jazzscene / Nasjonal jazzscene
Oslo

by:Larm

Årets unge jazzmusikere 2016

MEGALODON COLLECTIVE

Sjumannsorkesteret slo ned som ei bombe i norsk jazz då dei fekk Spellemannominasjon for debutplata Megalodon, og ikkje overraskande trakk dei det lengste strået då Årets Unge Jazzmusikere 2016 skulle kårast. Som mykje ung norsk jazz hentar bandet inspirasjon frå mange stilartar, men med si eminente blåserekke og doble trommeoppsett framstår Megalodon Collective som eit solid og energisk jazzband som boblar av speleglede, humor og sjølvtillit. Etter ein innhaldsrik haust med konsertar i inn- og utland ser dei fram til å presentere heilt nytt materiale frå si nye plate som gis ut på det anerkjente plateselskapet Jazzland.

«Megalodon Collective framstår som et komplett band med fantastiske instrumentalister. Bandet har en utrolig forfriskende blanding mellom fullt anarki og fin struktur. De spiller supertight og skranglete på samme tid. Det er massivt og lekent, og improvisasjonspartiene har en tydelig retning. Bandet er et sant musikalsk kollektiv og bandets navn buldrer fra havets prehistoriske dyp.»(Juryen si grunngjeving, Jazzintro)

Megalodon Collective er:
Martin Myhre Olsen (Lillestrøm) – saksofon, Karl ‘Kalle’ Nyberg (Lund, Sverige) – saksofon, Petter Kraft (Malmø, Sverige) – saksofon, Karl Haugland Bjorå (Evje) – gitar, Aaron Mandelmann(Simrishamn, Sverige) – bass, Andreas Skår Winther (Ålesund) – trommer, Henrik Lødøen(Brattvåg) – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev