Lørdag 11. feb 2023 kl. 15:00

Horvei/Hystad/Gjersvik – Jazz og Poesi

Stord Jazzklubb / Stord Hotell
Kjøtteinsvegen Stord

Jazz og poesi med lokal trio

Horvei, Hystad, Gjersvik Jazz & Poesi er klar for jazzklubben igjen. Poet Truls Horvei har med seg to krem-musikarar, Ole Jacob Hystad på saksofon og Ole Amund Gjervik kontrabass. Dei to spelar standardlåtar, og dei framfører musikk til Horvei sine dikt.

Dikta til Horvei er overraskande, alvorlege – og til å humre av.
Mykje av materialet er henta frå pandemiboka hans, «Noen gram stillhet» (2021). Framleis aktuelle dikt som folk vil kjenna seg igjen i.
Sjå ikkje bort i frå at Horvei improviserer nokre dikt, mens Hystad og Gjersvik hiv seg utpå.

Truls Horvei – lesing
Ole Jacob Hystad – saksofon
Ole Amund Gjersvik – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev