Lørdag 28. jan 2023 kl. 21:00

Arne Skage&The Procastinarors ( Stord Bluesfest )

/

Arne Skage &The Procastinators.
Gitarist Arne Skage er ein veteran innan blues-, roots-, og americana-miljøet i Noreg. Skage har vore med som musikar frå (Rita & Frank) Eriksens storhetstid og har 30 år som blueskonge-pianist Reidar Larsens si høgre hand. Skage sin distinkte slidegitar har vore å høyra på hits og scener sidan 1990.
Skage har samarbeidd i ulike prosjekt med ei rekkje internasjonale toppmusikarar opp gjennom åra, som Roy Rogers, George Porter Jr, Doug Belote, John Papa Gros, John Mooney, Terence Higgins, Johnny Vidacovich, Cyril Neville, for å nemna nokre. Dei seinare åra har han vore produsent for blant anna spellemannsvinnar Daniel Eriksen sitt “Barefoot amongst scarecrows”-album (2020) og for spellemannsnominerte Joe Rusi si “Who I am”-plate (2015).
I februar 2021 kom solodebuten etter å ha medverka på over 70 plateproduksjonar for andre artistar.
Plata har fått gode kritikkar i inn- og utland med femmarar i Stavanger Aftenblad, Nettavisen og Bluesnews. Dagbladet sin Øyvind Rønning hadde plata på si topp-20-liste over beste album i 2021. Bluesblast Magazine (US) og Blues in the South Magazine (UK) var også raus med superlativa.

Repertoaret er basert rundt eige materiale frå solodebut-plata “Procrastination Blues”, samt ein god dose med New Orleans-gullkorn frå Allen Toussaint, Baby Dodds, ispedd litt Taj Mahal og Little Feat. Trommeslagar på plata, Terence Higgins frå The Dirty Dozen Brassband, kategoriserte musikken som New Orleans streetbeat og swampfunk.

Arne Skage – gitar, vokal
Tor Einar “Dr.” Bekken – piano, trekkspel og kor
Jørun Bøgeberg – bass og kor
Stein Inge Brækhus – trommer

Heimeside: www.skage.com
Facebook: SKAGE MUSIC – Home
Spotify: Skage | Spotify

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev