Fredag 23. apr 2021 kl. 20:30

KARL SEGLEM TRIO

Bergen Jazzforum / Vestnorsk Jazzsenter / Sardinen Usf
Bergen

KARL SEGLEM tenorsax, bukkehorn HÅKON HØGEMO hardingfele KÅRE OPHEIM trommer

Tenorsaksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz. Karl Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehorn-blåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han nærmar seg 40 plateutgjevingar, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike format. I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket «Som spor» til Vossa Jazz.Denne runden har han med seg hardingfelemeister Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar, soloartist og Spellemannprisvinnar, og trommevirituost kraftsenter Kåre Opheim som har vore sentral i fleire av Seglems band i nærare 10 år, kjend frå RealOnes og Sigrid Moldestad. Tre menn som spelar for livet – og elskar det. Tett, intimt, direkte og med eit akustisk hjarte for tradisjon, nyskaping og grenseoverskriding.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev