Lørdag 03. okt 2020 kl. 20:00

Hans Mathisen Kvintett– Moving Forward 2020

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Hans Mathisen har lagt ut på ei turnereise i Noreg denne hausten, og vitjar Stord Jazzklubb laurdag 3. oktober. Alt materialet er komponert av Hans Mathisen og hovudfokuset dette året er Mathisen sitt siste album Moving Forward som kom i april 2019 og fekk strålande kritikkar.
Hans Mathisen er kjend for sin lågmælte og melodiske jazzmusikk servert med stor poetisk kraft. Saman med eminente musikarar frå Noreg, Danmark og Storbritannia er Mathisen eit viktig innslag i kunstmusikken både her til lands og i utlandet.

Desse musikarane er med på turneen i oktober:
Hans Mathisen – gitar
Bendik Hofseth – saksofon
Jason – Rebello – piano
Per Mathisen – bass
Per Oddvar Johansen – trommer

Pris:
250
ordinær 250. medlem 200. ungdom under 26 år 150. ungdom medlem 100.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev