Lørdag 28. mar 2020 kl. 15:00

AVLYST!!! RELLING

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Saman med ein vakker vokal og eksplosive gitareffektar tek bandet Relling publikum med på ei reise mellom indie-rock, pop- og jazzmusikk.
Relling er eit ganske nytt tilskot på jazzhimmelen, og debutalbummet kom ut hausten 2019. ”Lower your guard” fekk strålande kritikk i norsk og internasjonal presse. Spotify: https://spoti.fi/36jDjOh

Bandet har sitt utspring frå jazzlina i Trondheim, og vokalist og låtskrivar Harald Relling Nielsen skriv låtar som spenner frå det sarte til det eksplosive og energiske. Relling kombinerer rytmiske og tonale finessar med gode tekstar og fengjande melodiar.
Individuelt er dei fire musikarane, tysnesingen Tore Hodneland, Håvard Aufles, Axel Skalstad og Relling også med i prosjekt som Krokofant, Trondheim Jazzorkester og Lukas Zabulionis, for å nemna noko. Ta gjerne med deg familie og vener og få ein kickstart på ettermiddagen med fengjande jazztonar.

Harald Relling Nielsen – vokal, låtskriver
Tore Hodneland – gitar
Håvard Aufles – synther
Axel Skalstad – trommer

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev