Lørdag 28. sep 2019 kl. 15:00

BREIBANDET BIG BAND

Stord Jazzklubb / Grand Hotel
Stord

Stord Jazzklubb inviterer til ettermiddagskonsert på Grand Hotell med BREIBANDET BIG BAND. Storbandensemblet frå Stord spelar god gammaldags storbandmusikk og har dei siste par åra etablert seg i lokalmiljøet i Sunnhordland.

På repertoaret denne gong finn me fleire arrangement av Sammy Nestico, og det vert både instrumental og improvisasjon. Nestico er ein produktiv og velkjent komponist og arrangør av storbandmusikk, og er m.a. kjent for arrangement for Count Basies orkester.

Breibandet Big Band blei starta i februar 2011 og har per dags dato medlemmer frå Bømlo, Fitjar og Stord. Rune Koppang er leiar i bandet.

Elevar frå musikklina ved Stord vgs vil ha eit par innslag i starten av konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev