Lørdag 13. apr 2019 kl. 23:00

LASSEN

Vossa Jazz / Park
Voss

Saksofonist Harald Lassen (Pixel, Mopti, Dr. Kay og No.4) tar jazzen tilbake – med stor J! Han får hjelp frå eit knippe dyktige vener frå norsk og internasjonal jazz: Den belgiske stjernepianisten Bram De Looze og eit norsk rytmekomp (Stian Andersen og Tore Flatjord) som ein knapt har høyrd maken til sidan 70-talet.

LASSEN er ein leiken, energisk gjeng med mykje særpreg som treff jazzhjartar med vidunderleg, melodisk fokusert jazz og glimt i auga. Trass kort fartstid saman har bandet rukke å prega den internasjonale jazzscena med konsertar på Ronnie Scott’s i London, Jazzahead i Bremen, Edinburgh Jazz Festival, Moldejazz, Oslo Jazzfestival og fått toppkarakter i amerikanske Downbeat Magazine. Då er det absolutt på tide at dei svingar innom Vossa Jazz!

Harald Lassen – saksofon, perkusjon
Bram De Looze – tangentar
Stian Andersen – bass
Tore Flatjord – trommer, perkusjon
Rune Børø – teknikk

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev