Tirsdag 30. okt 2018 kl. 20:30

Baker Hansen – Chet Baker på norsk!

Trondheim jazzforum / Antikvariatet
Trondheim

Chet Baker fortalde nokre av dei sterkaste musikalske historiane i jazzlitteraturen. Baker Hansen gjenfortel desse historiane på norsk.

Dette er musikk med varme kjensler og kjølig sound, sterke utsegn og vâre augeblikk. Musikk som i ny språkleg og musikalsk drakt gir låter som «My funny valentine» og «I fall in love too easily» nytt liv, og kan røre endå nærare ved oss på vårt eige mål. Musikk som framleis lever og leverer, tøyer grenser og opner øyre. Nett slik jazz alltid har gjort.

Baker Hansen har utgjevingane «Ei som deg» (2014) og «Gamle Daga» (2016) bak seg, og denne hausten tek dei turen innom Trondheim Jazzforum. Dei har spelt omkring 150 konserter i Norden dei siste åra, og vert omtalt som «Ein sikker scenesuksess» (Dagsavisen). Ta turen for å oppleve kjende og ukjende standardlåtar, språklege perler og medrivande stemning!

Billettene rives unna i høyt tempo, så sikre deg din billett ved å forhåndskjøpe allerede i dag!

Thomas Husmo Litleskare – vokal og trompet
Kjetil Jerve – piano
Stian Andreas Andersen – kontrabass
Tore Flatjord – trommer

Trondheim Jazzforum er støttet av Norsk Kulturråd, Midtnorsk Jazzsenter, Trondheim Kommune, Frifond og Comfort Hotel Trondheim.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev