Lørdag 20. okt 2018 kl. 18:00

Karl Seglem, Verdsarv

Nynorske Litteraturdagar / Fretheim Hotell
Flåm

Karl Seglem vidareutviklar det tonale, musikalske og poetiske språket sitt med ei ny akustisk besetning og med nykomponert musikk og tekst. Vevd inn i det nye verket Verdsarv er tekstar og klangar frå det norrøne. Som ein raud tråd ligg forteljinga, tekstbrokker frå mytane om Balders draumar og Balders død. Vi høyrer også poesi frå den nye diktsamlinga Kvervel, og setningar henta frå nyhende-media som omtalar fakta om klima og miljø-situasjonen på kloden. Musikalske byggesteinar for nyskaping er først og fremst ulike bukkehorn, men også klang av eldre strengeinstrument som harpe, lyre, langeleik og fram til hardingfele, bratsj, barokkbass, trommer og tangentinstrument.
Det heile blir ei nokså meditativ og kanskje tankjevekkande reise – ved breidden av eit av dei under verda har arva: Sognefjorden.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev