Torsdag 19. apr 2018 kl. 19:30

Blue Horn Jazzband

Asker Jazzklubb / Lancelot
Asker

Blue Horn Jazzband vart stifta i 1997 og kjem frå Sykkylven på Sunnmøre, der dei fleste musikarane bur. Men trombonisten er frå Molde og trommeslageren er frå Volda.

Bandet har i utgangspunktet ei trad-jazzbesetning med blåserekke; klarinett, trompet og trombone, – og kompgruppe med bass, banjo og trommer. I 2017 har vi og fast sangerinne og pianist.

Trad og swing. Musikerane har blanda bakgrunn fra så vel korps, dansemusikk, bebop, trubadur som gospel og storband, – då Sykkylven Storband oppstod allereie i 1968 og eksisterer i beste velgående. Besetninga ber preg av dette og har etter kvart vorten både utfordra og utvida med repertoar og spelestil. Repertoaret går frå dixieland til swing og vakre ballader. Bandet legg vekt på gode melodilinjer og stoffet er i hovudsak henta fra trad- og swingperiodens glanstid, 1920 -1940, det som går under ”Classic Jazz.”

Kyrkjekonsertar. Frå starten har Blue Horn Jazzband også markert seg med eit godt kyrkjerepertoar som spenner fra New Orleans til norske salmar. Repertoar og eigne arrangement har fått svært gode omtalar. I 2010 hadde bandet ein kyrkjekonsertturne med den amerikanske vokalisten Marilyn Keller i tillegg til vår eigen faste Margrethe Velle Ødegård. Resultatet vart ein CD innspela live på ein av våre konsertar. Marilyn har seinare gjesta oss i 2012 då vi m.a. spelte i Molde domkirke i ei radio-overført gudsteneste. Og med festivalspeling i 2015. Bandet vert sagt å vere prega av godt samspel og gode solister. Og lett kontakt med publikum. Bandet har gitt ut 4 CDér.

Festivaler. Lokalisering og folk i faste jobbar gjer at det vert mest speling i nærområdet, og bandet vert ofte brukt når større ting skal markerast, vi omtalar oss derfor gjerne som eit bruksband. Men bandet har vore på turnear og har delteke på fleire festivalar i Sverige, Danmark og Norge. Ja, vi har også hatt elvecruise på Nilen!

Besetning. Blue Horn Jazzband kan spele med ulik besetning, men vårt faste oppsett no er, f.v.:
Aage Lade (piano) Halstein Kurseth (gitar, banjo, sang) Sveinung Utgård (kontrabass) Stein Lied (trommer, sang) Arnfinn Grebstad (klarinett, altsax, fløyte) Bjørn Frantzen (trombone) Jan Lade (trompet, flygelhorn) Margrethe Velle Ødegård (sang).

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev