Lørdag 24. mar 2018 kl. 15:00

Linda eide – Melodi Grand Jazz

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Linda Eide lærer jazzfolket å elska Melodi Grand Prix. I alle fall å hata det mindre!

Kva har Monica Zetterlund og Radka Toneff til felles med Kirsti Sparboe og Kikki Danielsson? Og var det jazzen si skuld at Noreg stod for Grand Prix-historias største juks og bedrag? Og kva gjorde Jan Garbarek inni ei gassmaske i beste sendetid?

Linda Eide kastar eit nytt og jazzete lys over dette direktesendte elleville fenomenet, som har fått kjenslene våre til å rista, skaka og krølla seg, i over 60 år. Den utskjelte og elska melodikonkurransen har nemleg tatt jazzen på meir alvor enn mange er klar over.

Musikalsk bækking og verbal støtte er i dei beste hender. Sjur Hjeltnes tek seg av den saka, på sin storsinna, improviserande og musikkelskande måte. Og sjå opp for uventa gjester!

Oppdag kjensler du ikkje visste at du hadde for Melodi Grand Prix.

Linda Eide
Sjur Hjeltnes

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev