Lørdag 24. mar 2018 kl. 01:30

Good Time Charlie

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

I over 30 år har Good Time Charlie vore på vegen, som eitt av dei aller beste blues-/r&b-banda i landet. I fjor kom den tiande plata til bandet: «Ready to Rumble» er eit energisk, groovy og sjelfullt album som viser at bandet framleis kan tenke nytt og fornya seg. Spellemannsnominasjon vart det òg! Dette er ikkje A4 tolvtaktarblues – bandet kombinerer soul, New Orleans-rytmar, west coast jump og 50-tals rock ’n’ roll med bluesrøter på ein høgst leiken og underhaldande måte.

Arle Hjelmeland – vokal, munnspel
Steinar Karlsen – gitar, vokal
Morten Skage – bass, vokal
Einar Olsson – trommer, vokal

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev