Lørdag 24. mar 2018 kl. 14:00

Friensemblet med Unni Boksasp og Naïssam Jalal

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Draumer, frykt, tap, konfliktar og lengt etter fridom – i dag, i går, for lenge sidan og i morgon.

FriEnsemblet, under leiing av Mathilde Grooss Viddal, urframfører verket «Tri vendur blés ho i den i høgaste sky»: Ein presentasjon av middelalderballader i ein form der samtidas jazzuttrykk og komposisjon foreinast med to sterkt personlege solistar, folkesongar Unni Boksasp og den syrisk/franske fløytisten Naïssam Jalal. Brennaktuelle balladetema med melodiar og tekstar henta frå det tolv bind store balladeverket som vart fullført ved Nasjonalbiblioteket i 2016.

– En bærende idé er å bygge på balladenes internasjonale utgangspunkt, for hva er vel egentlig norsk kulturarv annet enn møte mellom kulturer? seier Viddal om verket.

Mathilde Grooss Viddal er blant dei ypperste ensemblekomponistane i landet, og har mottatt internasjonale prisar for komposisjon og arrangering. Folkesongaren Unni Boksasp frå Nordmøre har vunne både Folkelarmprisen og Spellemannspris med gruppa Unni Boksasp Ensemble. FriEnsemblet sitt samarbeid med den syrisk-franske fløytisten Naïssam Jalal har mellom anna resultert i det flotte albumet «Out of Silence» frå 2017. «Jalals fløytespel har noko både forførerisk og kraftfullt ved seg. Ho inspirerer fleire musikarar til å følgja opp, og Out of Silence må vera det spenstigaste ensemblet har gjort, solistisk sett» skreiv Lars Mossefinn om plata i Dag og Tid.

FriEnsemblet er kjend i inn- og utland for sitt sprudlande uttrykk, oppfinnsame solistar og spenstige komposisjonar av bandleiar Mathilde Grooss Viddal.

Naïssam Jalal – fløyte
Unni Boskasp – vokal
Mathilde Grooss Viddal – bassklarinettar, saksofonar
Kristoffer Alberts – altsaksofon
Øyvind Brække – trombone
Per Willy Aaserud – trompet, elektronikk
Britt Pernille Frøholm – hardingfele, fele
Tellef Kvifte – laptop, tangentar, flygel, trøorgel
Knut Kvifte Nesheim – vibrafon, trommer
Ellen Brekken – kontrabass

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev