Lørdag 24. mar 2018 kl. 14:00

Eldrejazz: Helge och Polarna

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Sceneveteranen Helge Jordal treng neppe nærare presentasjon for kremen av Vossa Jazz-publikummet. Denne gongen tek han oss attende til glanstida til svensk visesong på 60- og 70-talet. Her vert det tur på trasiga skor, skrøner og dikt, og kanskje ein fuktig fest med Polaren Pär? Med seg på scena har Helge musikarar frå Valerina Fortes Orkester, bandet som har 68-årsgrense på konsertane sine, og som grunnla Eldrejazzturneen i 2016. Dei får ikkje nok, og gler seg vilt
til å sjå att gamle vener på Voss!

Helge Jordal – vokal, seg sjølv lik
Johannes D. Maaseide – kappellmeistringskjensle, vokal, piano
Gunnar Emmerhoff – gitar på straum
Cato Eikeland – lune smil, djup bass
Roy Inge Holtet – trommer så stilt han kan

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev