Fredag 23. mar 2018 kl. 21:00

Olavi Louhivuori

Vossa Jazz / Vossajazz
Voss

Det finske fenomenet Olavi Louhivuori lagar splitter nytt verk, bestilt til Vossa Jazz 2018! Den fantastiske trommeslagaren er mellom anna kjend for sine soloprosjekt, bandet Oddarrang og samarbeid med Tomasz Stanko Kvintett, Skydive Trio (med Thomas T. Dahl og Mats Eilertsen), Alexi Tuomarila Trio og Rubicon-bandet til Mats Eilertsen.

Bandet han har med seg kunne gjerne kalt seg «the very best of Scandinavia»: Den danske supergitaristen Jakob Bro (Tomasz Stanko, Palle Mikkelborg, Bill Frisell, Lee Konitz), den finske legenden Juhani Aaltonen på saksofon og fløyte (Arild Andersen, Jan Garbarek) og sjølvaste Palle Danielsson på bass, som knapt treng parentes bak namnet sitt. Berre for ordens skuld: (Keith Jarrett, Jan Garbarek, Bill Evans, Bobo Stenson).

Alt ligg altså til rette for ei fenomenal, tverr-nordisk jazzoppleving av dei sjeldne. Då er det berre til å smøre seg med tålmod, kjøpe billett og starte nedtellinga. Om ein er ekstra nyfiken kan ein gjere eit kjapt google-søk på tittelen Indras nett, og setje seg inn i buddhistiske idear som tomheit, interpenetrasjon og samanveksing og leite etter hint der – berre for spesielt interesserte!

Olavi Louhivuori – trommer, komposisjon
Jakob Bro – gitar
Juhani “Junnu” Aaltonen – saksofon, fløyte
Palle Danielsson – bass

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

http://www.olavilouhivuori.com/

Konserter

Meld deg på vårt nyhetsbrev